Proweb Logg inn:
Brukernavn: 
Passord:

Samarbeids- partnere:

 

 







RETTING: - Vêrstasjonen Midtstova ligg attmed Bergensbana millom Hallingskeid og Finsetunnelen sin vestende


Bærum, 24.12.12: - Det er nok ikkje rett at Midtstova ligg ved vegen mellom Ulvik og Granvin. Nei, Midtstova verstasjon er del av samarbeidsprosjektet mellom Jernbaneverket og Meteorologisk institutt og ligg attmed Bergensbana.



Det er Olav Arne Brekke på Vossevangen, som bur tett attmed den automatiske verstasjonen på Voss, som gjer merksam på dette i ein e-post til Vêr og vind i siste innspurten til joleftan.
Det me finn på vêrpotalen "yr.no", er at stasjonsnummeret er 53530, namnet er Midstova, og stasjonen ligg 1162 m.o.h.

- VA oppklarer
Ein telefon til Vêrvarslingsavdelinga på Meteorologisk institutt julefatans føremiddag klarar opp mykje: Midtstova ligg på 60,3942 grader nord og 7,1656 grader aust.
Denne kartreferansen syner at Midtstova ligg midtveges mellom Hallingskeid stasjon og den gamle vaktarbustaden Fokstova attmed vestenden av Finsetunnelen. Moldådalen er retteleg vid nett her ved sida av Høghellervatnet, og i ei gløtte millom snøoverbygga skulle det vera morgeleg å sjå vêrstasjonen som var teken i bruk fra 1. desember siste året.
Under dei høge Høghellerhøgdene i den vidopne dalen er det naturleg at austsøraustvinden, slik det var på laurdag og i går, tek godt i dalbotnen kring Låghellervatnet og Høghellervatnet fire hundre meter lægre enn høgstetoppen i Høghellerhøgdene.
Vi ser fram til mykje ruskute vêrtilhøve austa Hallingskeid i vintrane som kjem og sier oss leie for at vi plasserte Midtstova på FV 572 millom Granvin og Ulvik.
Men Ulvik kommune er rett kommune for Midtstova.
- - -
Med denne rettingsmeldinga seier Vêr og vind takk for alle innspel frå dykk vêrklikkarar i året som snart er til endes og ynskjer de alle saman ei gledeleg jolehøgtid og eit godt nytt vêrår i 2013.
Helsing
Bernt Lie.


Tilbake

Nyheter

GLOBALTEMPERATUREN I AUGUST 2019: - Tidenes nest høyeste; bare i 2016 var den enda høyere

Bærum, 23.10.19: Året ligger an til å bli det nest varmeste
siden globalmålingene startet i januar 1880. Tendensen er
den samme for august, som den nest varmeste på 140 år,
viser den ferskeste oppdateringen fra NASA av
temperaturrekken fra 1880.

Les mer


FØRSTE HØSTSTORM: - Fram til 13.00 i formiddag blåste det orkan 44,9 m/s på Sømna-Kvaløyfjellet (302 m.o.h.) på Sør-Helgeland

Bærum, 22.10.19: Værvarselet for årets første ordentlige
høststorm med vindkast opp i 40,0 m/s dag er slått med
god margin alt fram til kl. 13.00 i dag. Ifølge Vær og vinds
søk i eKlima-databasen har vindkastene vært oppe i 53,0
m/s = 190,8 km/t!

Les mer


NORDISK SOMMERVARME I SCHLESWIG: - Gjensyn med den under besøk i grenseland Nord-Tyskland og Sønderjylland

D-Schleswig, 15.10.19: På vår «dannelsesreise»
i tysk-dansk grenseland har vi tirsdag
ettermiddag kommet til den lille byen
Schleswig. Ikke langt unna vårt hotell på
Kønigsstrasse har vi i nordisk sommervarme
besøkt den gamle vikingbyen Hedeby..

Les mer


Nyhetsarkiv

Bernt Lie, Rudsveien 22H, 1346 Gjettum
E-post: bernt.lie38@gmail.com
Site powered by WebOfficeOne ©