Proweb Logg inn:
Brukernavn: 
Passord:

Samarbeids- partnere:

 

 







Ny nettstad gjev deg veret kvar tredje time to døger fram i tid og temperaturar kvar time


22.06.07: Frå 1. september er den nye ver-
nettstaden "www.yr.no" fullt operativ. I ei kort tid no har ei beta-utgåve vore tilgjengeleg. Nettstaden er et samarbeidsprosjekt mellom Meteorologisk institutt (Met.no) og Norsk rikskringkasting (NRK).


Av verstatistikar Bernt Lie

I eit par vekers tid no har vi her på "www.varviggo.no" hatt mogelegheita til å prøva ut den nye nettstaden "www.yr.no", som Meteorologisk institutt og Norsk rikskringkasting har gått saman om.
Dagleg redaktør er Erik Bolstad, NRK.
Dei to ansvarlege redaktørane er Heidi Lippestad, Met.no, og Bjarne André Myklebust, NRK.
Nettstaden vil ha nynorsk som språkform. Difor er dette oppslaget vorte skrivi på nynorsk.

Detaljvarsel
For dei som er interesserte i veret som kjem, er det lagt inn ver-søk på tusentals norske stor- og småstader etter Statens kartverk sitt stadnamnregister, attåt eit milliontal stader verda ikring. Til no har eg testa ut mellom anna heimebasen Dønski (i Bærum), Sandvika båe som by i Bærum og som samstundes er eit småbruk nett i nærleiken av Eigebrekk. - Sandvika har til saman 499 treff på ver-søket! (Som einkvan mogeleg alt har skjøna, er det Eigebrekk lengst søraust i den sørlegaste byen i landet vårt som er sumarstaden framfor nokon.
For kvar tredje time finn du prognose for så vel temperatur og vind, verlag og lufttrykk som venta nedbørmengde på næraste tidel millimeter.
På eit distriktskart, der (heim)staden for ver-søket ditt ligg, har du tilgjenge til temperaturane kvar time to heile døger fram i tid. - For nedbørområde undervegs til staden din, får du eit "radarbilete" kvar time soleis at du mest på minuttet kan sjå kva tid nedbøren er over deg.

www.varviggo.no sine planer
Når tida kjem for at den nye ver-nettstaden kjem over på alfa-versjon, er vi overtydde om at "www.yr.no" vil auka interessa for veret i særleik og klima i allmenta. Vi her på "www.varviggo.no" kjem frå same dag til å gje deg temperatur og nedbør frå ein annan stad enn Sande i Vestfold, som vel for dei fleste ikkje er verets eller verda si navle. - For dei som ikkje veit det eller hugsar det, er det heimplassen til grunnleggjaren til "www.varviggo.no", Viggo Ryggetangen på Galleberg i Sande i nordre Vestfold.
Etter kvart som fleire detaljar om den nye ver-nettstaden vert kjende for oss, kjem vi attende med meir nyhende om "www.yr.no".

Ver-portalen er eit samarbeid mellom MI og NRK med data frå mellom anna Meteorologisk institutt, NRK, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Norges astma- og allergiforbund (NAAF), Statens kartverk, Statens vegvesen og Ugland IT.

Frå 1. september
Når den nye nett-staden kjem i operativ verksemd i haust, vil eit omfattande tilfang av verdata verta gjorte tilgjengeleg for ållmenta attåt detaljvarsla som kan henda i fyrste rekke har størst interesse og verde.




Tilbake

Nyheter

TRE TIDELER FRA JANUAR-NORGESREKORDEN: - Tafjord slo til med 18,7 grader natt til i går

Bærum, 30.01.24: - Fønvind i indre fjordstrøk på
Sunnmøre natt til mandag førte til at det i timen
mellom ti og elleve på kvelden i Tafjord ble logget ut
en maks.temp. på anseelige 18,7 grader, ser Vær og
Vind av data på seklima hos Meteorologiske

Les mer


TIDENES VARMESTE SEPTEMBERHELG: - Søndag toppet Sigdal-Nedre Eggedal sør i Buskerud med tangering av norgesrekorden på 28,6*C

Bærum, 12.09.23: I disse valgdager har Vær og
Vind helt oversett at NIBIO-klimastasjonen Sigdal-
Nedre Eggedal søndag nådde 28,6 grader i
maksimumstemperatur. Det er tangering av den
bare to år gamle norgesrekorden i septembervarme
fra Drammen!

Les mer


FREDAGSVARMEN I SUNNHORDLAND: - Etne bare tre tideler fra norgesrekorden i september

Mandal-Eigebrekk, 09.09.23: September har startet
rekordvarm både på Øst-, Sør- og Vestlandet. En
foreløpig topp kom i går, fredag, da den nye
klimastasjonen Etne II i Etne i Sunnhordland nådde
28,3*C i maks.temp. mens Stavanger endte på 27,5.

Les mer


Nyhetsarkiv

Bernt Lie, Rudsveien 22H, 1346 Gjettum
E-post: bernt.lie38@gmail.com
Site powered by WebOfficeOne ©